Hopp til innhald

Nautical Almanac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nautical Almanac er ei britisk astronomisk årbok som først kom ut i 1767. I 1960 vart namnet endra til The Astronomical Ephemeris. I 1981 vart The Astronomical Ephemeris og The American Ephemeris and Nautical Almanac, som først kom ut i 1855, slått saman til éin publikasjon, The Astronomical Almanac, som blir utrekna og gjeve ut i fellesskap av H. M. Nautical Almanac Office, Royal Greenwich Observatory og Nautical Almanac Office ved USA Naval Observatory.