Sjøforsvarets organisasjon for samarbeid og informasjon til handelsfartøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
NCAGS si oppgåve er mellom anna å informere sivil skipsfart om eventuelle farar dei kan møte, som t.d. sjøminer.

Sjøforsvarets organisasjon for samarbeid og informasjon til handelsfartøy eller Naval Co-operation and Guidance for Shipping (NCAGS) er ei sjømiltær avdeling, som tilrettelegg sivil skipsfart i krisesituasjonar som krig eller terroraksjonar, slik at den sivile skipsfarten kan segle så uhindra og trygt som mogeleg.[1][2] Med andre ord er dei skipsfarten sitt svar på flygeleiarar [3] Verdsøkonomien er svært avhengig av den sivile skipsfarten, og utan denne stoppar verdsøkonomien opp.[4]

Oppgåva til NCAGS er todelt. Den eine delen av oppgåva er å samordne og tilretteleggje for den sivile skipstrafikken mot den militære skipstrafikken. Den andre delen av oppgåva er å vidareformidle informasjon til den militære styrkesjefen for å redusere forstyrringar frå sivile fartøy. Ein held oversikten over alt frå små fiskebåtar til store tankskip, og rapporterer rørsla deira inn til ein kommandosentral. Vidare gjev dei informasjon til desse skipa om kor det er tryggast å segle, kva hindringar eller farar dei kan møte, som miner eller militære aksjonar. [3]

NCAGS kan mellom anna tre inn i situasjonar der til dømes terroraksjonar trugar særskild strategiske skipsleier, som t.d. Malaccasundet i Søraust-Asia, mellom Singapore og Sumatra. Dette sundet er ei svært viktig handelsåre, og terroraksjonar her kan mellom anna påverke oljeprisen i vesentleg grad. [5].

Noreg har ein mobil NCAGS-operasjonssentral i ein konteinar, noko Noreg er aleine om i verda å ha. Her vidareformidlar ein militær informasjon til sivile skip, samtidig som ein formidlar informasjon om sivil trafikk til dei militære fartøya. Konteinaren er utstyrt med generator og satellittkommunikasjon, og kan fraktast med både jarnbane, fly, båt eller bil. [5] NCAGS består hovudsakleg av reserveoffiserar. Ein opprettheld likevel kompetansen ved hyppige øvingar og ved at mange av offiserane til vanleg har jobbar relatert til skipsfart. Trening og øving av NCAGS-personalet skjer ved KNM Tordenskjold[6].

NCAGS-eininga i Noreg er òg ein del av Noreg sitt bidrag til Nato Response Force (NRF). [7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. forsvaret.dk
  2. Naval Cooperation and Guidance for Shipping på nato.int
  3. 3,0 3,1 Skipsfartens flygeledere
  4. Sivile i NCAGS
  5. 5,0 5,1 NCAGS på Jåttå
  6. KNM Tordenskjold
  7. Noregs bidrag til NRF-styrken