Satellitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om kunstige satellittar. For naturlege satellittar, sjå naturleg satellitt.
Ein jordobservasjonsatelitt.
Satellittbilete frå NASA av Tustna i Møre og Romsdal

Ein satellitt er ein menneskeskapa objekt som er brakt i bane rundt jorda, ein planet, eller ein annan lekam. Omgrepet kunstig satellitt vert stundom nytta for å skilja dei frå naturlege satellittar.

Den første gong ein kjenner til at satellittar er nemnd, er frå 1869 i novella «The Brick Moon» av den amerikanske forfattaren Edward Everett Hale.[1] Den første verkelege menneskeskapte satellitten er Sputnik 1 som vart sendt opp av Sovjetunionen den 4. oktober 1957. Den eldste satellitten som framleis er i bane rundt jorda, er Vanguard 1 som feira 50 år den 17. mars 2008.[2]

Døme på satellittar er romstasjonar, kommunikasjonssatellittar og overvakningssatellittar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.