Nedre Tunguska

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nedre Tunguska
elv
none
Land Flag of Russia.svg Russland
Kjelde Det sentralsibirske platået
Munning Jenisej
Lengd 2 989 km km
Nedslagsfelt 473 000 km² km²
Vassføring
 - middel 3 600 m³/s /s
Wikimedia Commons: Nizhnyaya Tunguska

Nedre Tunguska (russisk Нижняя Тунгуска – Nizjnjaja Tunguska) er ei elv i Sibir i Russland og ei av sideelvane til Jenisej frå høgre. Elva er 2989 km lang og har eit nedslagsfelt på 473 000 km². Elva har ei middelvassføring på 3600 m³/s.

Nedre Tunguska spring ut frå Det sentralsibirske platået i Irkutsk oblast og Krasnojarsk kraj.

Rundt 120 km frå munningen er det planlagt å byggje ei 200 meter høg demning med eit vasskraftverk på mellom 12 000 og 20 000 MW, som vil verte eitt av dei største i verda. Bygginga skal ta til i 2010 og vil skape eit enormt reservoar som dekkjer 10 000 km². Dette vil dekke store taigaområde, som mellom anna inneheld atomfarleg avfall.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]