Nedrusting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen på krigsskip vert demontert i hamna i Philadelphia i 1923 . Marinetraktaten i Washington, som vart laga for å hindra eit våpenkappløp etter første verdskrigen, sette ei grense for kor mange krigsskip signaturlanda kunne ha.

Nedrustning er ei nemning som vert brukt når eit land rustar ned ved å redusera den militære kapasiteten i form av talet på våpen og soldatar. Det motsette av nedrustning er opprusting og tyder at eit land vel å bruka meir pengar på militæret.

Når det gjeld nedrustning er det spesielt kjernefysiske våpen som får mest merksemd. Nedrustning av kjernevåpenlagera har vore tema for mangfoldige samtalar og forhandlingar spesielt mellom USA og Russland.

Døme på nedrusting - CFE-avtalen[endre | endre wikiteksten]

På 1990-talet vart den mest omfattande nedrustningsavtalen som nokon gong er inngått gjennomført i Europa. Hovudhensikta med avtalen var å få redusert slagkraft for konvensjonelle våpensystem etter den kalde krigen. Det vart sett opp maksimumstal for kvar våpentype for kvar av aust-vest-sidene, og ved fristen for gjennomføring av avtalen i 1995 var reduksjonane praktisk talt gjennomførte. Eit stort tal stridsvogner, pansra kampvogner, artilleriskyts, kampfly og kamphelikopter vart destruerte. CFE-avtalen inneheld òg regler om inspeksjon og kontroll.