Nelson Évora
Utsjånad
| Nelson Évora | |
| Statsborgarskap | Portugal |
| Fødd | 20. april 1984 (41 år) Abidjan |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Sommar-OL 2004, 2018 European Athletics Championships – men's triple jump, Friidrett under Sommer-OL 2008 – Tresteg herrer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Tresteg menn |
| Utmerkingar | storkors av Fortjenstordenen, storkorset av Infante Dom Henriks orden |
Nelson Évora (fødd 20. april 1984) er ein portugisisk tidlegare lengde- og tresteghoppar, fødd i Elfenbeinskysten. Han vart verdsmeister 2007, olympisk meister 2008 og europameister 2018 i tresteg-øvinga. Évora representerte Kapp Verde til juni 2002, sidan representerte han Portugal i dei store meisterskapane. I tillegg til meistertitlane vann han VM-sølv i 2009 og VM-bronse både i 2015 og 2017. Évora sin personlege rekord på 17,74 meter oppnådde han då han vann VM-gullet i 2007 i Osaka.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- OL 2004 i Aten: Utslått i kvalifiseringa i tresteghopp
- VM 2005 i Helsinki: Utslått i kvalifiseringa i tresteghopp
- EM 2006 i Göteborg: Nr 4 i tresteghopp – 17,07 m, nr 6 i lengdehopp (7,91 m)
- VM 2007 i Osaka: Gullmedalje i tresteghopp – 17,74 m, framom Jadel Gregório (17,59 m)
- OL 2008 i Beijing: Gullmedalje i tresteghopp– 17,67 m, framom Phillips Idowu (17,62 m)
- VM 2009 i Berlin: Sølvmedalje i tresteghopp – 17,55, bakom Phillips Idowu (17,73 m)
- VM 2011 i Daegu: Nr 5 i tresteghopp – 17,35 m
- EM 2014 i Zürich: Nr 6 i tresteghopp – 16,78 m
- VM 2015 i Beijing: Bronsemedalje i tresteghopp – 17,52 m
- EM 2016 i Amsterdam: Utslått i kvalifiseringa i tresteghopp
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 6 i tresteghopp – 17,03 m
- VM 2017 i London: Bronsemedalje i tresteghopp – 17,19 m
- EM 2018 i Berlin: Gullmedalje i i tresteghopp – 17,10 m, framom Alexis Copello (16,93 m)
- VM 2019 i Doha: Utslått i kvalifiseringa i tresteghopp (16,80 m=nr 15)
- OL i 2021 i Tokyo: Utslått i kvalifiseringa i tresteghopp (15,39 m)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nelson Évora» frå Wikipedia på tysk, den 17. august 2018.
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1984
- Portugisiske tresteghopparar
- Verdsmeistrar i friidrett for Portugal
- Europameistrar i friidrett for Portugal
- Olympiske meistrar for Portugal
- Portugisiske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2008
- Portugisiske deltakarar under sommar-OL 2008
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008
- Portugisiske deltakarar under sommar-OL 2016
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016
- Portugisiske deltakarar under sommar-OL 2020
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020
- Folk frå Kapp Verde