Neretva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Neretva
elv
Neretva sett frå Stari Most
Land  Bosnia-Hercegovina,  Kroatia
Lengd 225 km
Kjelde Dei dinariske Alpane
Munning Adriahavet
Kart
Neretva
43°16′17″ N 18°33′27″ E
Wikimedia Commons: Neretva
Neretva i Mostar, 2006

Neretva er ei elv i Bosnia-Hercegovina og Kroatia. Den totale lengda hennar er 225 km, der 203 km er i Herzegovina, og dei siste 22 km i Dubrovnik-Neretva kommune i Kroatia.

Den øvre delen av Neretva har krystallklårt og reint vatn, og er kanskje ei av dei kaldaste elvane i verda, og er ofte ikkje meir enn 7-8 °C midt på sommaren. Neretva har òg eit endemisk og svært skjørt dyreliv, som er utryddingstrua.

Neretva har sitt utspring i Dei dinariske Alpane og har skapt store gjel gjennom dei. Ho endar til slutt ut i ein vid dal med gode jordbruksforhold. Det er oppretta ein stor innsjø nær Jablanica, skapt av Neretva og minst tre demningar mellom Jablanica og Mostar.

Den bosniske regjeringa har nyleg framlagt planar om å la utanlandske investorar byggje fleire deminingar lenger oppe i elva, og øydelegge gjelet ho strøymer gjennom. Miljøvernsaktivistar har protestert og ønskjer å behalde dette vakre området uendra.

Vegbru over Neretva nær Rogotin i Kroatia.

Dei mindre elvane Rakitnica, Rama og Trebižat munnar ut i Neretva frå høgre, medan elvane Buna og Bregava renn inn frå venstre. Dei siste 30 km av Neretva dannar ho eit avleiringsdelta før ho munnar ut i Adriahavet.

Den «Gamle Brua» eller «Stari Most», symbolet på Mostar, nybygd i 2004.

Den største byen Neretva renn gjennom er Mostar. Andre byar og landsbyar er Konjic, Metković, Jablanica, Čapljina i tillegg til den historiske landsbyen Počitelj.

Den Gamle Brua eller Stari Most er ei gamal bru over Neretva i Mostar, som opphavleg var bygd i 1556/1557 og står på UNESCO si verdsarvliste. Brua vart øydelagd av kroatar under krigen i Bosnia-Hercegovina 9. november 1993. Brua vart gjenreist og opna 23. juli 2004.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]