Hopp til innhald

Nervesystemet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nervesystemet til eit dyr samordnar muskelaktivitet, overvakar organa, tek imot og sender vidare meldingar frå sansesystema, og startar handlingar.

Nervesystemet hos virveldyr

[endre | endre wikiteksten]

Nervesystemet hos virveldyr blir ofte delt inn i sentralnervesystemet (CNS) og det perifere nervesystemet (PNS). Sentralnervesystemet består av hjernen og ryggmergen, medan det perifere nervesystemet består av alle dei andre nevronane som ikkje er med i sentralnervesystemet — størstedelen av det ein til vanleg kallar nervar.

Det perifere nervesystemet delar ein inn i det somatiske nervesystemet og det autonome nervesystemet. Det somatiske nervesystemet er ansvarleg for å samkjøra rørslene til kroppen og å ta imot inntrykk utanfrå. Det autonome nervesystemet er den ufrivillige delen av nervesystemet, der alle prosessar i indre organ blir styrt.

Det autonome nervesystemet er delt inn i det sympatiske nervesystemet og det parasympatiske nervesystemet. Det sympatiske nervesystemet svarer på stress og truande farar ved å auka blodtrykk og puls, skapa ei kjensle av opphissing, og gjera andre fysiske endringar. Det parasympatiske nervesystemet er aktivt når eit individ kviler og kjenner seg avslappa, og er ansvarleg for oppgåver som samantrekking av pupillar, senking av puls, utviding av blodkar og stimulering av fordøyelse og forplantingsorgan.

Organisering av nervesystemet hos virveldyr
Det perifere nervesystemet Det somatiske nervesystemet
Det autonome nervesystemet Det sympatiske nervesystemet
Det parasympatiske nervesystemet
Det enteriske nervesystemet
Sentralnervesystemet (hjernen og ryggmergen)
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.