Pupill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Menneskeauget. Det kolsvarte området i midten er pupillen. Det gråblå området kring denne er regnbogehinna, og over denne ligg den gjennomskinlege hornhinna. Det ytre, kvite området er sclera.

Pupillen (av latin pupilla, fleirtal pupillae) er ei opning i midten av regnbogehinna i auget der lys passerer inn til netthinna.[1] Den framstår som kolsvart fordi lysstråler i høg grad blir absorbert av cellevevet inne i auget, eller spreidd i andre retningar. Menneske har runde pupillar, men forma kan variere mellom artar. Kattar har ofte ein vertikal og slissen pupill, geiter har horisontale pupillar, medan enkelte typar mallefisk har ringforma pupillar.[2] Pupillen kan jamførast med aperturen i eit optisk system, og regnbogehinna med blenderopninga. Den pupillen ein ser frå utsida av auget blir kalla inngangspupillen, og samsvarer ikkje heilt med den faktiske plasseringa eller storleiken til den fysiske pupillen fordi den blir forstørra av horninna. Pupillen blir vidare i mørket og smalare i lyse omgjevnader.[1]

Nærbilde av eit katteauge, med ein slank og vertikal pupill.
Nærbilde av auget til ei geit, med ein vassrett, rektangulær og til dels uregelmessig pupill.

Regnbogehinna ligg omkring pupillen og består for det meste av glatt muskulatur. Lys kjem inn i auget gjennom pupillen, og regnbogehinna styrer lysmengda ved å justere storleiken på pupillen. Det finst to former av glatt muskulatur i regnbogehinna: ringmuskel og radiærmuskel. Ringmuskulaturen trekk seg saman for å minske storleiken på pupillen. Radiærmuskulaturen, som er innervert av sympatiske nervar frå øvre halsganglion, trekk seg saman for å auke storleiken på pupillen. Desse musklane blir gjerne kalla indre augemusklar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Amund Ringvold (fagkonsulent) (14. februar 2009). «pupill». snl.no. Store norske leksikon. https://snl.no/pupill. Henta 8. november 2016. 
  2. Malmström T, Kröger RH (januar 2006). «Pupil shapes and lens optics in the eyes of terrestrial vertebrates». J. Exp. Biol. 209 (1): 18–25. PMID 16354774. doi:10.1242/jeb.01959. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pupill