Nessegutten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sportsklubben Nessegutten er eit idrettslag i Levanger i Nord-Trøndelag, stifta 20. april 1929. Laget er aktivt i idrettane fotball, friidrett, handball, orientering, skiidrett, skeiser, tennis og turn.

Fotballaget Nessegutten tok seg til kvartfinalane i noregsmeisterskapen 1959. Kvartfinalekampen mellom Nessegutten og Viking vart spelt Ullevaal stadion i Oslo og enda uavgjort. Dermed vart det omkamp på Lerkendal stadion i Trondheim, der den komande noregsmeisteren Viking vann 4-0.

Mellom 1976 og 1984 spelte Nessegutten nokre sesongar i 2. divisjon. Klubben la ned seniorlaget då den nye klubben Levanger Fotballklubb vart skipa i 1996. Frå 1996 til 2013 deltok ikkje Nessegutten i fotball på seniornivå, men frå 2014 melde laget seg på seriesystemet att, og byrja på nivå sju.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]