Registertonn
(Omdirigert frå Nettoregistertonn)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Registertonn er eit rommål for måling av rominnhaldet i skip. Eit registertonn er 100 engelske kubikkfot, det vil seie 2,83 m³.
Bruttoregistertonn er volumet av alle lukka rom i eit skip, nettoregistertonn er bruttotonnasjen fråtrekt mannskapsrom, maskinrom, vassballast og anna rom som ikkje kan brukast til last eller passasjerar.
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Norsk Allkunnebok
- Registertonn i SNL (fri lisens)