Registertonn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Registertonn er eit rommål for måling av rominnhaldet i skip. Eit registertonn er 100 engelske kubikkfot, det vil seie 2,83 m³.[1]

Bruttoregistertonn er volumet av alle lukka rom i eit skip, nettoregistertonn er bruttotonnasjen fråtrekt mannskapsrom, maskinrom, vassballast og anna rom som ikkje kan brukast til last eller passasjerar.

Registertonn var ein del av det britiske Moorsom-systemet, som blei verksamt i det britiske imperiet i 1854, og deretter i store delar av verda. Den internasjonale Skipsmålingskonvensjonen blei ratifisert 23. juni 1969, og innførte tonn som måleining. Registertonn blei fasa ut ein overgangsperiode frå 1982 til 1994.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Andreas Osnes (17. november 2021). «Registertonn». Store norske leksikon.