New General Catalogue
Hopp til navigering
Hopp til søk
New General Catalogue, forkorta NGC og fullt New General Catalogue of Nebulae and Clusters of Stars, er ein astronomisk katalog som inneheld nærare 7840 ikkje-stellare objekt. Katalogen blei sett saman av J. L. E. Dreyer i 1880-åra og publisert i 1888. Meir enn 5000 objekt er i tillegg lista i dei to påfølgjande indekskatalogane.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen byggjer på artikkelen «New General Catalogue» s. 282 i Philip's Astronomy Encyclopedia, utgjeven i 2002.