New Lanark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

New Lanark

New Lanark Mill Hotel og Waterhouses ved River Clyde
New Lanark Mill Hotel og Waterhouses ved River Clyde
Plassering
New Lanark is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region South Lanarkshire
Tradisjonelt grevskap Lanarkshire
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

200
Koordinatar 55°40′″N 3°47′″WKoordinatar: 55°40′″N 3°47′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer ML11
Telefon-retningsnummer 0 1555
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: New Lanark

New Lanark er ein gammal industrilandsby i regionen South Lanarkshire i Skottland. Han har kring 200 innbyggjarar og ligg ved elva Clyde omkring to kilometer frå Lanark. Han vart grunnlagt i 1785 av David Dale. Han la byen sin til elva Clyde for å kunne forsyne seg med vasskrafta til å drive spinnemaskinane. I 1820 var New Lanark det største senteret for bomullsproduksjon i Skottland.

New Lanark, august 2005

Etterkvart kom svigersonen til Dale, Robert Owen, meir og meir inn i drifta. Owen var ein filantrop og sosial reformator, og under styringa deira vart New Lanark bygd opp som både eit særs vellykka forretningsprosjekt og som ein model village der arbeidarane skulle ha best mogleg vilkår. Staden blir rekna som eit døme på innverknad frå utopisk sosialisme. Han sørgde for utviding av føretaket, og gav mykje av overskotet tilbake til arbeidarane slik at dei skulle leve under best moglege kår. Han forbaud barnearbeid for dei under 10 år, og sette opp ein eigen skule slik at alle skulle få litt utdanning.

Fabrikkane var i drift heilt til 1968. Så følgde ei nedgangstid, men i 1975 vart New Lanark Conservation Trust oppretta for å hindre at landsbyen forfall eller vart jamna med jorda. Staden er i dag eit populært turistmål, og saman med ein liknande landsby i England, Saltair, vart New Lanark ein verdsarvstad i 2001. I dag bur det kring 200 menneske i einskilde av husa og leilegheitene i New Lanark, resten av bygningane er utstillingsarenaer eller salslokale for turismen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]