New Zealand Geographic Board

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

New Zealand Geographic Board (NZGB, (maori Ngā Pou Taunaha o Aotearoa) er ein sjølvstendig institusjon som er ansvarleg for geografiske og hydrografiske namn på New Zealand og dei newzealandske territorialfarvatna.[1] Dette omfattar busetnader, stader, fjell, innsjøar, elvar, fossar, hamner og andre terrengdetaljar, og kan òg omfatte forsking på lokale maorinamn. Styret har òg ansvar for å gje namn til stader i området kring Rosshavet i Antarktis. Dei har ikkje ansvar for å endre gatenamn eller namn på land.

Styret har møtt mykje motbør frå rørsla som ønskjer å endre stadnamn til dei føreuropeiske namna, skriven med dagens ortografi og standardisert staving, diaktriske teikn osv.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. www.linz.govt.nz
  2. «Fight to keep 'h' out of Wanganui not over». Television New Zealand. NZPA. 30 March 2009. Henta 20. mars 2013.