Nichelino
Nichelino er ein by og ein kommune i provinsen Torino i regionen Piemonte i Italia. Kommunen har i kring 49 000 ibuarar og eit flatemål på 20,6 km². Han ligg 229 meter over havet, åtte kilometer sørvest for provinshovudstaden Torino.
Byen Nichelino voks fram då det kom jarnbane midt på 1800-talet. Han opplevde ein kolossal folketilvekst på 1960-talet, då ibuartalet voks frå om lag 15 000 i 1961 til om lag 45 000 i 1971. Dei fleste innflyttarane kom frå Sør-Italia.
Stupinigi-slottet, eit jaktslott bygt for fyrsteslekta Savoia, er frå 1700-talet og medteke på UNESCO si verdsarvliste.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Nichelino» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2013.