Nicolprisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eit nicolprisme.

Eit nicolprisme er eit prisme som blir brukt til å framstelle polarisert lys, oppfunnen i 1828 av William Nicol, som var lærar i fysikk i Edinburgh. På eit naturleg romboeder av kalkspat slipast to av flatene slik at vinklane blir 68°. Krystallen blir så delt på skrått og dei nye flatene blir polert, og stykka blir saman igjen kitta med kanadabalsam, som har brytingsindeks mellom brytingsindeksen for den ordinære og den ekstraordinære strålen i kalkspat. Ei innfallande lysstråle blir spalta i prismet i ein ordinær og ei ekstraordinær stråle. Desse er polarisert i kvar si retning. Den ordinære strålen har størst brytingsindeks og blir totalt reflektert ved kittflata, medan den ekstraordinære går gjennom prismet. I staden for nicolprismer brukar ein no som regel polaroidplater som polarisator.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]