Nikolaj Rimskij-Korsakov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett av Nikolaj Rimskij-Korsakov måla av Valentin Serov (1898)

Nikolaj Andrejevitsj Rimskij-Korsakov (russisk:Николай Андреевич Римский-Корсаков, Nikolaj Andreevic (Rimskij-Korsakov), òg Nikolay, Nicolai og Rimsky-Korsakoff (6. mars 18448. juni 1908) var ein russisk komponist. Han var lærar i harmoni og orkestrering. Han er spesielt kjend for å bruke eventyr som tema, og for den uvanlege evna i orkestrering, som kan ha vore prega av synestesien hans.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Rimskij-Korsakov blei fødd i byen Tikhvin, 200 kilometer aust for St. Petersburg, i ein aristokratisk familie. Han viste musikalske evner frå tidleg alder, men studerte ved det Russiske Kongelige Marine-gymnasiet i St. Petersburg og slutta seg seinare til den russiske marinen. Det var først når han møtte Milij Balakirev i 1861 at han begynte å konsentrere seg meir seriøst om musikk. Balakirev oppmuntra han til å komponere. Gjennom Balakirev møtte han òg andre komponistar i gruppa som seinare kom til å bli heitande «Den mektige håndfull», betre kjend som «Dei fem». I marinen fullførte Rimskij-Korsakov sin første symfoni (1861-1865). Symfonien er somme gonger påstått å vere den første symfonien av ein russar, men Anton Rubinstein komponerte sin første symfoni i 1850. Før han sa nei til å bli offiser i 1873 fullførte han òg den første versjonen av sitt velkjende orkesterstykkje Sadko (1867) og operaen Jomfrua frå Pskov (1872). Desse tre verka er av fleire tidlege verk som komponisten reviderte seinare i livet.

Det symfoniske diktet Scheherazade er berømt, men det er truleg interludiet «Humlens flukt» frå operaen Tsar Saltan Rimskij-Korsakov er mest kjend for.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.