Nikotin

Ein modell av nikotinmolekylet. Karbonatom er vist med svart, hydrogen med kvitt og nitrogen med blått.
Nikotin er eit psykoaktivt stoff og alkaloid som finst i tobakk, blant anna sigarettar, snus og skråtobakk. Stoffet er sterkt avhengigheitsskapande.
Nikotin aukar blodtrykket.
Kjemi[endre | endre wikiteksten]
Nikotin er ei væske som er blandbar med vatn. Stoffet dannar salt med syrer. Desse er vanlegvis vassløyselege faste stoff.