Nilkrokodille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nilkrokodille
Nilkrokodille
Nilkrokodille
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av nilkrokodille
Utbreiinga av nilkrokodille
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Krypdyr Reptilia
Orden: Krokodilleordenen Crocodilia
Overfamilie: Crocodyloidea
Familie: Krokodille Crocodylidae
Underfamilie: Crocodylinae
Slekt: Crocodylus
Art: Nilkrokodille C. niloticus
Vitskapleg namn
Crocodylus niloticus

Nilkrokodillen (Crocodylus niloticus) er ein stor krokodilleart som lever i Afrika. Han høyrer til mellom dei største artane i familien, og er farleg både for dyr og menneske.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hovudskalle
Nilkrokodille-egg

Nilkrokodilla høyrer til mellom dei største krokodilleartane i verda. Dei største eksemplara ein har funne var over seks meter lange og vog 750 kg. Sjå òg krokodille-artikkelen.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Nilkrokodillar førekjem i innsjøar, elvar, våtmarkar og sumpar over nesten heile Afrika og på Madagaskar.

Nilkrokodillen og mennesket[endre | endre wikiteksten]

Nilkrokodillar hadde ei særs viktig rolle i gamal-egyptisk religion. Guden Sebek hadde sogar krokodillehovud, og byen Krokodiliopolis var i sin heilskap vigd til han og krokodillane hans. Det er funne ei rekke balsamerte nilkrokodillar fleire stadar i landet.

Nilkrokodillen er òg det dyret som drep flest menneske i Afrika på årsbasis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Vår fantastiske verden, Skandinavisk presse,1990
  • Menneskenes liv og historie, Carl Grimberg