Nintendo DS Lite

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Logo
Nintendo DS Lite

Nintendo DS Lite er ein spelkonsoll frå Nintendo, fyrst utgjeven i 2006. Han vart annonsert 26. januar 2006.[1] Konsollen vart utgjeve først i Japan 2. mars 2006, og kom til Nord-Amerika og Europa juni same året.

DS Lite har klårare og lysare skjermar, der ein kan justere lysstyrken på dei mellom fire nivå. Skalet på maskina er no blankt på utsida, og matt inni. Lysindikatorane som synar om eininga er slått på eller blir lada er flytta opp til øvre høgre hjørne, som gjer lysa synlege både når maskina er opna og lukka att. Styrekrossen og A-, B-, X- og Y-knappane er blitt omforma for å stå nærare i stil med dei på Wii og Game Boy Micro.[2] Av/på knappen er flytta frå øver venstre hjørne på innsida til høgrekanten på utsida av eininga. Peikepennen er gjort større, og blir putta inn i eit hol på høgrekanten av konsollen.

Game Boy Advance-utgangen på maskina er blitt mindre, noko som gjer at GBA-spelekassettar står ut av maskina med om lag 1 cm. Med kvar DS Lite følgjer det med eit støvdeksel som ein kan ha i GBA-utgangen om han ikkje blir brukt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «DS Lite officially announced». Henta 9. november 2009. 
  2. «DS Lite Hands-on». Henta 9. november 2009. 
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.