Niviaq Korneliussen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Niviaq Korneliussen
Niviaq Korneliussen.jpg
Fødd 27. januar 1990 (32 år)
Nuuk
Yrke skribent, forfattar
Språk grønlandsk

Niviaq Korneliussen (fødd 27. januar 1990) er ein grønlandsk forfattar.[1] Korneliussen er fødd i Nuuk og vaks opp i den sørgrønlandske byen Nanortalik.[2] Ho har studert samfunnsvitskap ved Grønlands Universitet i Nuuk, og psykologi ved Aarhus Universitet.[3]

Det første ho fekk publisert som forfattar var novella San Francisco, som vart trykt i antologien Ung i Grønland — ung i Verden. Debutromanen var "Homo sapienne" frå 2014. Den hadde tema om LBGT og Grønland. Romanen var skreven på grønlandsk og omsett til dansk av forfattaren sjølv.[3] For romanen vart ho nominert til Nordisk Råds Litteraturpris 2015. Han har vore oppført som teaterstykke og er omsett til meir enn ti språk. [4]

Korneliussen gav ut romanen Blomsterdalen, på grønlandsk Naasuliardarpi, i 2020. Romanen handlar om sjølvmord mellom grønlandske unge. For han vann ho Nordisk Råds litteraturpris i 2021.[5] Boka vart og nominert til Politikens Litteraturpris 2020 og Montanas Litteraturpris 2020.[6]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • HOMO sapienne - (2014)
  • Naasuliardarpi (Blomsterdalen) - 2020

Referansar[endre | endre wikiteksten]