Nivsjera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nivsjera
elv
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 4 250 km²
Lengd 215 km
Middelvassføring 42 /s
Kjelde Timanhøgdene
Munning Visjera i Komi

Nivsjera (russisk Нившера) er ei elv i Republikken Komi i Russland og ei av sideelvane til Viserja frå venstre.

Ho er 215 km lang og har eit nedslagsfelt på 4250 km². 25 km frå munningen er middelvassføringa hennar om lag 42 m³/s. Ho frys til tidleg i november og vert isfri att tidleg i mai.

Dei største sideelvane hennar er Rasia, Potiu og Lymva, alle frå venstre.

Nivsjera spring ut frå toppen av Otsjparma i Timanhøgdene i Komi. Ho renn sørover og etter kvart vestover. Elva er svingete og mottar mange sideelvar.

Nivsjera renn ut i Visjera i landsbyen Bogorodsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]