Nordsotho
Nordsotho Sesotho sa Leboa | ||
Klassifisering | Niger-kongo Atlantisk kongo Volta-kongo Benue-kongo Bantoid Sørleg Bantuspråk Sørleg Sotho-tswana S.30 Nordsotho | |
Bruk | ||
Tala i | Sør-Afrika | |
Område | Gauteng Limpopo Mpumalanga | |
Nordsothotalande i alt | 4 101 000 (2006)[1] | |
Skriftsystem | Latinsk | |
Normert av | Pan South African Language Board | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | nso | |
ISO 639-3 | nso | |
Wikipedia på nordsotho |
Nordsotho (Sesotho sa Leboa) er eit bantuspråk eller ei språkgruppe som blir tala i Sør-Afrika, der det også er offisielt språk. Nordsotha har 4 208 940 talarar som hovudsakleg bur i provinsane Gauteng, Limpopo og Mpumalanga. Språket er ofte omtalt som sepedi, ettersom sepedi (eller pedi) er den mest utbreidde varianten. Det er også denne skrifspråket til nordsotho byggjer på. Den offisielle nemninga i dag er nordsotho.
Klassifisering
[endre | endre wikiteksten]Nordsotho er nært i slekt med sesotho eller sørsotho, setswana, kgalagadi og lozi.
Språket er delt inn i desse variantane:
- Masemola (Masemula, Tau), Kgaga (Kxaxa, Khaga)
- Koni (Kone)
- Tswene (Tsweni)
- Gananwa (Xananwa, Hananwa)
- Pulana
- Phalaborwa (Phalaburwa, Thephalaborwa)
- Khutswe (Khutswi, Kutswe)
- Lobedu (Lubedu, Lovedu, Khelobedu)
- Tlokwa (Tlokoa, Tokwa, Dogwa)
- Pai
- Dzwabo (Thabine-Roka-Nareng)
- Kopa
- Matlala-Moletshi.
Desse er gjerne rekna som dialektar, men variantane pai,kutswe og pulana er såpass forskjellige at dei somme tider blir omtalt som «austsotho».
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Nordsotho er undervisingsspråk i grunnskulen. Det blir også send radio og fjernsynsprogram på språket.
Språkdøme
[endre | endre wikiteksten]Artikkel 1 frå Menneskerettsfråsegna:
- Batho ka moka ba belegwe ba lokologile le gona ba na le seriti sa go lekana le ditokelo. Ba filwe monagano le letswalo mme ba swanetše go swarana ka moya wa bana ba mpa.[2]
- (Alle menneske er fødde til fridom og med same menneskeverd og menneskerettar. Dei har fått fornuft og samvit og skal leve med kvarandre som brør.)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Northern Sotho language» frå Wikipedia på engelsk, den 31. januar 2013.
- Fotnotar