Offisielt språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Offisielle språk i Afrika. ██ afrikaans ██ arabisk ██ engelsk ██ fransk ██ portugisisk ██ spansk ██ swahili ██ andre afrikanske språk

Offisielle språk er språk som etter lova i eit land skal nyttast i offisiell korrespondanse og dokumentasjon. Om eit land har fleire offisielle språk, kan det vere reglar for kva språk som kan, skal eller bør nyttast i ulike samanhengar.

Halvparten av landa i verda har offisielle språk. Nokre land har berre eitt offisielt språk, slik som Albania, Frankrike, Island, Japan og Tyskland. Andre, som Belgia, Finland, Afghanistan, Paraguay, Bolivia, India, Sveits og Sør-Afrika har fleire offisielle språk.

Nokre land, som Noreg, Irak, Italia og Spania, har eitt offisielt språk for landet, men andre medoffisielle språk for enkelte viktige regionar. Norsk har dessutan to offisielle målformer, nynorsk og bokmål. Fleire norske kommunar har samiske språk eller kvensk som offisielle språk saman med norsk. Andre land, som USA, har ingen offisielle språk, men offisielle språk i enkelte delstatar. Til slutt er det dei landa som ikkje har noko offisielt språk i det heile, som Australia, Eritrea, Luxembourg, Sverige, Tuvalu og Storbritannia.

Kolonialisme og/eller nykolonialisme har i nokre land ført til at det offisielle språket og lærespråket ikkje er det same som nasjonalspråket eller det mest nytta språket. Dette gjeld for land i Afrika og på Filippinane. I kontrast til dette, er irsk offisielt språk i Irland, og det skyldast nasjonalisme. Det er berre ein liten minoritet i Irland som kan snakke irsk, mens fleirtalet nyttar engelsk. Det same gjeld for New Zealand der engelsk er morsmålet til dei fleste, mens maori er eit offisielt språk med stor plass i det offentlege.

Kva som er offisielt språk eller ikkje har stor symbolverdi, og det er ofte debatt rundt dei offisielle språka og bruken av dei. I Noreg har ein til dømes hatt ein langvarig debatt rundt bokmål/nynorsk, i tillegg til ei rekkje lokale debattar om bruk av samisk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!