Noregs tekniske høgskole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Flyfoto over Gløshaugen og NTH
Foto: Mittet & Co, ca. 1933

Norges tekniske høgskole (NTH) er ein tidlegare teknisk høgskule i Noreg som gjekk inn i Universitetet i Trondheim, seinare NTNU. Han utdanna sivilingeniørar og sivilarkitektar.

Høgskulen blei opphavleg skipa som «Norges tekniske høiskole» i 1910.[1]

I 1968 blei NTH, Den allmennvitenskapelige høgskole (AVH) og Vitenskapsmuseet slått saman til Universitetet i Trondheim (UNIT). NTH og AVH heldt likevel på ein stor grad av sjølvstyre.

I 1996 blei Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) danna gjennom ei samanslåing av NTH, Den allmennvitenskapelige høgskole, Vitenskapsmuseet, Det medisinske fakultet, Kunstakademiet i Trondheim og Musikkonservatoriet i Trondheim til eitt universitet. NTH som institusjon eksisterte dermed i tidsrommet 1910–1996. Etter dette har aktivitetane til NTH vore vidareførte som ein del av NTNU.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Trondhjems Adresseavis 1910.09.15». Trondhjems Adresseavis. Trondheim. 15. september 1910. s. 2.