Norges Skiforbund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Norges Skiforbund er ein idrettsorganisasjon stifta 21. februar 1908. Skiforbundet organiserer nordisk kombinert, hopp og langrenn, alpin skiidrett, freestyle og telemarkkjøring i Noreg. Forbundet har arrangert norske meisterskap på ski sidan 1909, fram til 1937 kalla Hovudlandsrennet.

Med om lag 138 000 medlemer ikring 1150 idrettslag (2019) er Norges Skiforbund det tredje største særidrettsforbundet i Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité (NIF).

Skitinget, det høgste organet i Skiforbundet, møtest annakvart år. Administrasjonen er ved Ullevaal Stadion i Oslo. Erik Røste har vore president i Norges Skiforbund frå 2012.

Norges Skiforbund var med å danne Den Internasjonale Skikommisjon i Oslo i 1910, forløparen til Det internasjonale skiforbundet (FIS).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]