Normalkraft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
FN er her normalkrafta

Normalkraft er i mekanikken ei kraft eller ein kraftkomponent som verkar vinkelrett på rørsleretninga til ein lekam. Normalkrafta kan ikkje utføre noko arbeid eller tilføre lekamen noko energi, men kan endre rørsleretninga til lekamen. For ein lekam som kan røre seg langs ei flate, forstår ein med normalkraft den krafta som verkar vinkelrett inn mot flata og sørgjer for at lekamen held seg i kontakt med denne. Friksjonen mellom ein lekam og flata han ligg på er proporsjonal med normalkrafta.


Likningar[endre | endre wikiteksten]

Kreftene som verkar på ein lekam.

I eit enkelt tilfelle, der ein lekam ligg i ro på eit bord er normalkrafta på ein lekam lik, men motsett retta tyngdekrafta som verkar på lekamen (eller vekta til lekamen), som er , der m er massen og g er tyngdeakselerasjonen (kring 9.81 Nkg−1 på jorda). Normalkrafta her representerer krafta som bordet utøver på lekamen og som hindrar lekamen frå å trengje gjennom bordet. Dette krev at bordet er solid nok til å kunne utøve normalkrafta utan å bryte saman.

Når ein lekam ligg i ro på ei hellande flate, er normalkrafta vinkelrett til planet lekamen kviler på. Framleis vil normalkrafta vere så stor som naudsynt for å hindre at lekamen går gjennom flata. Styrken på krafta kan reknast ut ved:

der N er normalkrafta, m er massen til lekamen, g er tyngdeakselerasjonen og θ er vinkelen mellom den hellande flata og horisontalen.

Normalkrafta er ei av fleire krefter som verkar på lekamen. I desse enkle døma er dei viktigaste av dei andre kreftene som verkar på lekamen friksjon og tyngdekrafta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]