Norrøn-gælarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Norrøn-gælarar viser til folk av norrønt og gælisk opphav som dominerte store delar av området rundt Irskesjøen og vestlege Skottland i mellomalderen. Det blei danna ved at skandinaviske innvandrarar blei tekne opp i den gæliske kulturen i Skottland og Irland. Så tidleg som på 800-talet fann det stad giftarmål mellom innfødde gælarar og skandinavar, som tok til å bruka det gæliske språket og andre skikkar, til dømes klesdrakt. Mange gjekk også over frå den norrøne gudetrua og lèt seg døypa som kristne. Blant høgare lag i folket heldt likevel mange ved lag norrøne namn og var medvitne sitt nordiske opphav.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]