Norsk Allsang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Norsk Allsang er eit songhefte som Lars Søraas d.y. gav ut på John Griegs Forlag i 1941. Innhaldet var utvalde nasjonale songar. Framsida var illustrert med eit norsk flagg. På tittelbladet skreiv Søraas og :«Måtte dikt og toner vekke et brus av Norsk Sang over landet. Det vil gi styrke og mot.» Ikkje uventa vart heftet forbode og restopplaget inndrege. Ei tid etter kom det ut i sensurert utgåve. No med konturane av eit norgeskart og teikning av ei syngande jente på framsida. Etter at krigen var slutt kom originalutgåva av heftet i fleire opplag. I tillegg var kongesongen «Gud sign vår konge god» trykt på innsida av omslaget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norvald Skreien: Lars Søraas far og sønn Oslo 2005