Kraftmuseet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kraftmuseet
Tyssedal Kraftanlegg exterior.JPG
Tyssedal kraftverk
StadTyssedal (Ullensvang)
Skipa1989
MuseumstypeIndustrimuseum
DirektørKnut Markhus

Kraftmuseet
60°7′9″ N 6°33′23″ E

Kraftmuseet (før 2018 kjend som Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum) er eit kulturhistorisk museum i Tyssedal, Ullensvang kommune i Vestland fylke. Museet dokumenterer og formidlar industrihistoria til Odda og Tyssedal, og meir generelt historie knytt til elvar og vatn, vasskraftproduksjon, elektrisitet, kraftkrevjande industri og samfunnet rundt.

Ein hovudattraksjon er kraftstasjonen Tyssedal kraftverk, teikna av arkitekten Thorvald Astrup (1876–1940) i seinhistorisk stil og reist i åra 1906–18. Stasjonen inneheld maskinar, installasjonar og kontrollrom som spenner over ei driftstid frå 1908 til det siste aggregatet vart slått av i 1989.

I AS Tyssefaldenes gamle administrasjonsbygning frå 1914 har museet i dag utstillingar, bibliotek, arkiv, foto- og lydsamling og filmsal der ein viser biletspela «Industrieventyret», «Borna på Bakke» og «Arven». Den faste utstillinga, «Det store spranget», handlar om den første industrialiseringsfasen i Odda.

Til museumsanlegget høyrer også arbeidarbustadene i Folgefonngata 9, 11 og 13 i Odda sentrum.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]