Norske interiørarkitekter og møbeldesigneres landsforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Norske interiørarkitekters og møbeldesigneres landsforening (NIL) er ein landsorganisasjon for norske interiørarkitektar og møbeldesignerar/møbelteiknarar. Laget blei stifta 29. mai 1945 som Norske interiørarkitekters landsforening. For å bli godkjent som medlem må ein person ha ei særskild utdanning. Medlemmane kan bruka førebokstavane MNIL, ei nemning som er verna, til forskjell frå titlar som interiørarkitekt eller interiørkonsulent.

NIL er medlem av International Federation of Interior Architects/Designers (IFI). Denne organisasjonen har følgjande definisjon av ein kvalifisert interiørarkitekt/designer (iflg NILs årbok 2005):

Den profesjonelle interiørarkitekt er ein person med utdanning, erfaring og godkjente ferdigheiter i bransjen, og som identifiserer og løyser kreative problem som knyter seg til interiørmiljøets funksjon og kvalitet, og utfører tenester tilknytt interiøret, medrekna programmering, design, analyse, romplanlegging, estetikk og tilsyn med pågåande arbeid, i det interiørarkitekten gjør bruk av sin spesialkjennskap til interløroppbygging, byggesystem og komponenetar, byggforskrifter, utstyr, materialar, møblar og anna inventar, og utarbeider teikningar og dokument vedrørande design av interiør for å høgna trivselen og for syte for at brukaren si helse, velferd og sikkerheit vert teke vare på.

Norske interiørarkitekters og møbeldesigneres landsforening har ei rekke lovar og reglar som skal garantere at medlemmene driv seriøst, det gjeld økonomisk og etiske regler med meir.

Landsforeninga har ni lokalforeiningar med til saman rundt 500 medlemmer. Kvart år gjev ho ut ei årbok med matrikkel (medlemsliste) som det er mogleg å kjøpa for den som måtte vera interessert. Denne inneheld òg illustrasjonar av eksempel på medlemsarbeid.

Trond Ramsøskar er leiar (2010).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]