Nové Město na Moravě

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Katolsk kyrkje i Nové Město na Moravě

Nové Město na Moravě er ein by som ligg 600 m over havet og ca. 170 km søraust for Praha, i Vysočina-regionen midt i Tsjekkia. Byen har ca. 10 500 innbyggjarar.

Nove Mesto er kjend som den leiande vintersportsstaden i landet. Dei har ein lang skitradisjon i området med konkurransar frå 1934. Området vert nytta også til sykling og turgåing om sommaren.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]