O-bon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bøn for ein avdød. Frå Sketches of Japanese Manners and Customs (1867) av J. M. W. Silver.

O-bon (お盆) eller berre bon (盆) er ei japansk buddhistisk høgtid feira til ære for åndene til forfedrane. Tida blir ofte markert ved at folk dreg tilbake til der slekta deira kom frå og steller gravene til forfedrane sine. Ein reknar også med at åndene kjem på vitjing til husaltera.

Video frå Bon Odori i Tokyo i 2014.
Obon-offer til forfedrane.

Høgtida varer i tre dagar, men blir feira til ulike tider ut frå kva kalender ein følgjer. To ulike datoar i den vestlege kalenderen er blitt fastsette for o-bonfeiring. Shichigatsu bon ('bon i juli') blir feira rundt 15. juli i område som Tokyo, Yokohama og Tohoku-regionen, medan hachigatsu bon ('bon i august') blir feira rundt 15. august i dei fleste andre områda som ikkje følgjer den tradisjonelle kalenderen. Dette er den femtande dagen i den sjuande månaden av den japanske månekalenderen, og folk feirar kyu bon, eller 'gamle bon', i område nord i Kantō-regionen, Chūgoku, Shikoku, Kyūshū og Ryukyuøyene.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: O-bon