OVS-språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Objekt Verb Subjekt)
Hopp til navigering Hopp til søk

OVS-språk, eller Objekt-Verb-Subjekt-språk, er innanfor lingvistisk typologi gruppa av språk som i nøytrale setningar har objekt, verb og subjekt, i nett den rekkjefølgja. Fisk et eg (for «Eg et fisk») ville ha vore ei OVS-setning på norsk.

Dette er den sjeldnaste av dei seks moglege permutasjonane av subjekt, verb og objekt. Språk som bruker denne ordstillinga er det uto-aztekiske språket guarijio, det karibiske språket hixkaryana[1] og det isolerte språket urarina frå Peru.

Ordstillinga blir også brukt i det konstruerte språket klingon frå science fiction-serien Star Trek.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Newmeyer, Frederick J.: Possible and Probable Languages. A Generative Perspective on Linguistic Typology, Oxford University Press, Oxford 2005 (eng). Libris 10683247.