Verb

Verb eller gjerningsord er ein ordklasse typisk knytt til noko som skjer, og kan i norsk definerast som ord som endrar form etter kva tidsreferanse setninga har. Verba utgjer ein open ordklasse. I ulike språk kan verba ha ulik form som skil seg etter tid, aspekt, modus og valens; og dessutan kjønn, person og tal i høve til nokre av argumenta sine — slik som subjekt, objekt og anna. Mange verb målber handling (kaste, lesa, vurdere), hending (glitre, hende, rotne) eller eksistens i ein tilstand (vera, finnast, leva, blotne).
Valens[endre | endre wikiteksten]
Valensen eit verb har målber kor mange rollar (subjekt, objekt, omsynsledd) eit verb kan ha. I norsk reknar vi konvensjonelt med tre typar valens:
Univalente verb[endre | endre wikiteksten]
Eit univalent verb kan berre ha subjekt, og ikkje nokon type objekt eller omsynsledd:
- Ho spring (vi seier ikkje «ho spring hunden» eller «ho spring hunden trim»)
- Dei datt (vi seier ikkje «dei datt ordføraren» eller «dei datt grannen ei bok»)
Bivalente verb[endre | endre wikiteksten]
Eit bivalent verb kan ha subjekt og éin type objekt (anten direkte objekt eller omsynsledd):
- Han et fisk (vi kan ikkje seie «han et fisken mat»)
- Vi ser kaninane (vi kan ikkje seie «vi ser kaninane ei gulrot»)
- Ho hjelpte studentane (vi kan ikkje seie »ho hjelpte studentane leksene»)
Trivalente verb[endre | endre wikiteksten]
Eit trivalent verb kan ha subjekt, objekt og omsynsledd:
- Dei gav kyrne høy
Andre typar valens[endre | endre wikiteksten]
På nokre språk kan ein ha nullvalente verb — verb der verbet ikkje tek subjekt:
- llueve (spansk) ‘det regnar’.
Verbbøying[endre | endre wikiteksten]
Verbbøyinga blir delt i finitte og infinitte verbformer, finitte verb er verb som kan danne setningar, mens infinitte verb sjølv er argument for finitte verb. Formelt sett er skilnaden at finitte verbformer er bøygd i modus, mens infinitte ikkje er det.
Finitte verbformer[endre | endre wikiteksten]
Modus[endre | endre wikiteksten]
- For meir om dette emnet, sjå modus.
Modus er ein grammatisk kategori som klassifiserer utsegna. Den nøytrale modusen er indikativ. Imperativ blir brukt i befalande setningar, konjunktiv i setningar der talaren vil signalisere at ho ikkje står attom det som blir formidla.
Tid (tempus)[endre | endre wikiteksten]
Aspekt[endre | endre wikiteksten]
- For meir om dette emnet, sjå aspekt i grammatikken.
Infinitte verbformer[endre | endre wikiteksten]
Infinitte verbformer er argument til finitte verbformer. Infinitte verbformer oppfører seg enten som substantiv eller som adjektiv. Den første typen kallast infinitivar (i argumentposisjon) eller eller gerundium (oftast i ikkje-argumentposisjon), den andre partisipp.
Infinitivar[endre | endre wikiteksten]
Gerundiumsformer[endre | endre wikiteksten]
Partisippformer[endre | endre wikiteksten]
Sjå Partisipp