Obsjtsjij Syrt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Obsjtsjij Syrt (russisk Общий Сырт) er eit høgdedrag eller platå i den europeiske delen av Russland. Det startar nord for Orenburg som ei grein av Uralfjella og strekkjer seg sørvestover til austbreidda av Volga.

Høgdene dannar vasskiljet mellom elvane Volga og Ural, og utgjer òg ein del av grensa mellom Europa og Asia. Mot aust når Obsjtsjij Syrt opp i høgder på over 500 moh.

Nordhellinga av Obsjtsjij Syrt er dekt av lauvskog, medan sørhellingen mot Den kaspiske senkinga har steppekarakter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]