Obukhovlengda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Obukhovlengda eller Monin-Obukhov lengda er høgda over bakken der turbulens produsert av vertikalt vindskjer er i balanse med stabile luftforhold som motverkar oppdrift. Det vil sei høgda der Richardsontalet er lik 1:


L = - \frac{u^3_*\bar\theta_v}{kg(\bar w^'\bar\theta^'_v)}

der u_* er friksjonsfarten, \bar\theta_v er den midla potensielle virtuelle temperaturen, \bar w^' er perturbasjonen av skalar fart, g er tyngdeaksellerasjonen og \theta_* er ein potensiell temperaturskala (k). Dette kan gjerast enklare ved å bruke likskapsteoritilnærminga :

(\overline{w^'\theta^'_v})_s\approx-u_*\theta_*

som gjev:

L = \frac{u^2_*\bar\theta_v}{kg\theta_*}

Parameteren \theta_* er proporsjonal med \bar \theta_v (z_r) - \bar \theta_v (z_{0,h}) som er den vertikale skilnaden i potensiell virtuell temperatur. Jo større \bar \theta_v ved høgda Z_{0,h} i forhold til verdien ved høgda Z_r , jo meir negativ er endringa av \bar \theta_v med høgda, og jo større er instabiliteten i overflatelaget. I slike tilfelle er L litt negativ, sidan den er omvendt proporsjonal til u_*. Når L er litt negativ så er \frac{z}{L} mykje negativ. Slike verdiar av \frac{z}{L} gjev stor instabilitet på grunn av oppdrift. Positive verdiar av \frac{z}{L} samsvarar med aukande \bar \theta_v med høgda og stabil lagdeling.