Odin Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Odin Hansen
Fødd 16. april 1918
Gildeskål
Død

14. september 1996

Yrke politikar

Odin Hansen (16. april 191814. september 1996) var stortingsrepresentant for Sosialistisk Valforbund frå Nordland. Han var frå Gildeskål og vart innvalgt på Stortinget ved stortingsvalet 1973, men det vart berre med ein periode.

Odin Hansen var fiskar av yrke, han hadde kystskippereksamen frå 1941 og var formann i Gildeskål distriktsfiskarlag frå 1956 til 1973. Han var òg medlem av Gildeskål kommunestyre, medlem av representantskapet i Noregs Råfisklag frå 1956 til 1971 og medlem av styret i Nordland fylkesfiskarlag 1972-1974. På Stortinget var han i Sjøfarts- og fiskerikomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]