Oggy og kakerlakkene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Oggy og kakerlakkene (Oggy et les Cafards) er ein fransk teiknefilm-serie laga av Gaumont. Serien handlar om Oggy, som er ein reservert, lat og blå katt. Han ville ha nytta dagane sine til å sjå TV og lage mat, om det ikkje hadde vore for tre innpåslitne kakerlakkar som bur i huset hans. Kakerlakkane heiter Joey, Dee Dee og Marky (namngitt etter tre av personane som var med i musikkbandet Ramones) og elskar å gjere livet surt for Oggy.

Serien blei fyrst sloppe i 1998. Ein tredje sesong med episodar har vore send frå 2008.