Okfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Okfjorden er ein fjordarm av Velfjorden i Brønnøy kommune i Nordland. Han strekkjer seg 8,5 km nordaustover til Fjordbotnet der Klavesmarkelva munnar ut.

Det er ikkje busetnader eller vegsamband langs fjorden, bortsett frå den veglause garden Okan, som fjorden er kalla opp etter, ved innløpet til fjorden på søraustsida. Fjorden har innløp mellom Okneset i nord og Okodden i sør. Fjorden har ganske bratte sider, spesielt på nordsida der Bårdtsteinhatten stig opp til 736 meter over havet.