Okloreaktoren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Okloreaktoren
Land  Gabon
Kart
Okloreaktoren
1°23′40″ S 13°9′39″ E
Wikimedia Commons: Natural nuclear fission reactor
Den geologiske situasjonen i Gabon førte til ein naturleg kjernereaktor
1. Kjernereaktorsonar
2. Sandstein
3. Uranmalm-lag
4. Granitt

Okloreaktoren er ein naturleg fisjonsreaktor ved Oklo i Gabon vest i Sentral-Afrika, oppdaga i 1972.

Den naturlege reaktoren vart oppdaga då den franske fysikaren Francis Perrin grov ut uranprøvar frå området. Då han analyserte prøvane viste det seg at det var lite att av uranisotopen 235U. Den einaste kjende prosessen som kan føre til ein så stor reduksjon i konsentrasjonen av 235U er fisjon eller spalting skapt av nøytron med låg energi. Perrin fann òg ulike neodym- og rutheniumisotopar (142Nd, 143Nd, 145Nd og 99Ru, 100Ru og 101Ru) som hadde konsentrasjonar som tyder på at dei kom frå spalting av 235U og ikkje frå naturlege førekomstar. Det vart konkludert med at ein naturleg kjernereaktorprosess hadde gått føre seg i Oklo for om lag 1,7 milliardar år sidan. Då prosessen starta var bidraget frå 235U i naturleg uran heile 3 %, som er nok til å drive ein kjernereaktor med grunnvatn som moderator.

Ein har rekna ut at 5 tonn 235U har fisjonert, noko som svarar til ein totalenergi på 108 TWh, eller rundt rekna det same som energiproduksjonen i eit moderne kjernekraftverk (effekt 1000 MW) i vel 10 år. Likevel trur ein at Okloreaktoren hadde særs låg effekt, ca. 0,01 MW, og at han difor var operativ i rundt ein million år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]