Olav Lien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Olav Lien (18961957) er mest kjend for å ha vore presseleiar i Telemark under andre verdskrigen, og som formann i arbeidsutvalet i Bygdefolkets Krisehjelp. Han var utdanna lærar og sakførar og har vore omtala som både dyktig og talefør. I 1957, etter mange år i retten for landssvik, døydde han av tuberkulose.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Lien var fødd i Seljord i Telemark i 1896. Han tok fatt på skulebenken og gjekk ut frå Tromsø Offentlige Lærerskole i 1924. Året etter flytte han og kona Signe Opsund, som han hadde gifta seg med i 1920, til Kviteseid i Telemark. Det var her han vart buande ut livet. I 1928 hadde han lese seg opp på eiga hand og tok juridisk embetseksamen. Som nyutdanna jurist starta han sakførarkontor i Kviteseid. Som sakførar stod han gjerne på sida til dei svake eller fattige bøndene og småfolk. Ofte tok han heller ikkje særleg betalt for arbeidet. Det var tale om "mirakeladvokaten" i telemarksdalane, når folk snakka om Olav Lien. Den fyrste politiske tilknytinga han fekk var med Venstre, dengongen eit sterkt bygde- og bondeparti. Venstre fekk han derimot nok av i 1928 på grunn av partipolitikken. To år seinare melde han seg inn i Arbeidarpartiet. Krisa i landbruket og på bygdene hadde då nådd nye høgder.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]