Olav Nygard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Nygard
Fødd 10. juli 1884
Død

11. februar 1924

Yrke lyrikar, skribent
Olav Nygard på Commons
Minnesmerke over Olav Nygard i Modalen

Olav Nygard (10. juli 188411. februar 1924) var ein norsk lyrikar frå Modalen i Hordaland. Nygard rakk å gje ut fire samlingar av dikt før han døydde 40 år gamal. Nygard skreiv på nynorsk. Han livnærte seg som snikkar og småbrukar, men hadde i alle år dårleg økonomi og svak helse. Han fekk tuberkulose.

Olav Nygard er ein av dei fremste lyrikarane frå mellomkrigstida. I levetida si fekk han berre avgrensa kunstnarleg anerkjenning og ingen økonomisk suksess. Men poetisk sette han store spor etter seg, og dei beste dikta hans høyrer til mellom det beste i norsk litteratur. Claes Gill hevda at han ville vore i verdseliten om han hadde skrive på eit språk som hadde fleire brukarar.

Om døden[endre | endre wikiteksten]

I dikta tek Nygard opp store og vanskelege tema, og han står klart innanfor ein romantisk diktartradisjon. Han er inspirert av Wergeland, Shakespeare, Shelley og Keats. Dikta hans er ofte visjonære, og dei er språkleg rike. Han vert ikkje utan grunn kalla ein dødens diktar. Bøkene, særleg Ved vebande («ved det heilage») og eit etterlate manuskript, inneheld tradisjonelle døds- og vanitasdikt, men òg svært originale framstillingar av slike tema.

I kontrast til den opne dødstematikken står eit sterkt fokus på fruktbarheit, skaping og livgjevande impulsar. Desse to sidene inngår ofte i ein poetisk fruktbar dynamikk, til dømes i hans kanskje mest kjende dikt, «No reiser kvelden seg» frå 1923:

No reiser kvelden seg i vesterbrun,
han trør på lette føter gjenom tun
og skuggeveven fjell-imillom hengjer.
Det gjeng ei kviskring gjenom kjørr og lyng,
og talatrasten skifter ljod og syng
med avdagsskjelven under sine strengjer.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Flodmaal (1913)
  • Runemaal (1914)
  • Kvæde (1915)
  • Ved vebande (1923)
  • Dikt (gjendikting av Robert Burns) (1923)
  • Dikt i samling (1984, ny utgåve 2004)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Olav Nygard - liv og dikting (tidsskriftet Nordica Bergensia, nr 15 (1997). 205 s. (Heile heftet er vigd lyrikaren Olav Nygard og inneheld desse foredraga: I Stegane: "Olav Nygard og den litterære tradisjonen", s. 9-22. G Akselberg: «Språk og språkbruk hjå Olav Nygard», s. 23-45. A Aarseth: "Den vanskeleggjorde forma. Linjer og verkemiddel i Olav Nygards lyrikk", s. 47-62. A K Fonneland: «Mørke og lys. Ny lyrikk i møte med Olav Nygard», s. 63-82. M Tveisme: «Ikkje berre himmelsyner. Nærværet i Olav Nygard si dikting», s. 83-94. J Gjerdåker: «Olav Nygard og livssoga hans», s. 95-113. Resten av heftet er opptrykk av sentrale artiklar av og om Olav Nygard)
  • Vassenden, Eirik. Skapelsens problem. Lesninger i Olav Nygards lyrikk. 353 s. Dr.avh., Universitetet i Bergen, 2003
  • Aarnes, Asbjørn. Poesien hos Olav Nygard, et dikteralbum. 343 s. (Pax, 2004)
    Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.