Oldervik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Oldervik (nordsamisk: Leaibbáš) er ei bygd i Tromsø kommune i Troms. Ho ligg på vestsida av Ullsfjorden, rundt 40 kilometer nordaust for Tromsø by. Bygda ligg mellom bratte fjell på over 800 meters høgd, som vinterstid er utsette for ras og rasfare.

Det bur i dag rundt 110 menneske i bygda. Fleire fiskebåtar er heimehøyrande i Oldervik, og fiskeri har alltid vore bygda si hovednæring. For dei som ikkje er sysselsette med fiskeri er eit fiskemottak den einaste lokale arbeidsgiveren, og dei aller fleste av innbyggjarane pendlar inn til Tromsø for jobb.

Oldervik hadde tidlegare både skule, butikk, post, fiskebruk og barnehage, men dette er no lagt ned, som i mange andre bygder. Etter mange år med fraflytting har det i det siste likevel vore teikn på at denne trenden er i ferd med å snu for Oldervik, og ein del unge menneske har flytta tilbake til bygda.

Oldervik er endepunkt for Fv53. Frå slutten av fylkesvegen held kommunale vegar fram eit par kilometer langs Ullsfjorden, til Kastnes i sør og til Skotsætet i nord. Bygda har ei god fiskeri- og båthavn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 69°45′19.595″N 19°40′13.202″E