Olenjok
Olenjok | |||
elv | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 219 000 km² | ||
Lengd | 2 292 km | ||
Middelvassføring | 95,7 m³/s | ||
Kjelde | Det sentralsibirske platået | ||
Munning | Laptevhavet | ||
![]() Olenjok | |||
Wikimedia Commons: Olenyok River | |||
Olenjok (russisk Оленёк) er ei stor elv nord i Sibir i Russland. Elva er 2292 km lang, der rundt 1000 km kan nyttast til skipsfart, og har eit nedslagsfelt på 219 000 km². Den største sideelva hennar er Arga-Sala.
Elva har utspring nord på Det sentralsibirske platået og renn frå her nordaustover gjennom Olenjok, før ho munnar ut i Olenjokbukta i Laptevhavet ved Ust-Olenjok like vest for Lenadeltaet.
Olenjok er kjend for å vere rik på fisk. Ho er isdekt over åtte månader kvar år og klimaet i området er hardt.
- Djangylakh eller Dzjangylakh (Ostrov Djangylakh) er ei stor, flat deltaøy som ligg ved munningen av Olenjok. Det er fleire mindre øyar like i nærleiken, som Eppetøya på austsida, men ingen er like store. Djangylakh er 21 km lang og 16 km brei.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Den russiske polfararen Vasilij Prontsjisjtsjov og kona hans Maria Prontsjsjtsjova døydde av skjørbuk i dette området i september 1736, medan dei kartla kysten av Laptev Sea. Begge vart gravlagde ved munningen av Olenjok
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Olenyok River» frå Wikipedia på engelsk, den 28. oktober 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: