Olympus SP-590 Ultra Zoom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olympus SP-590 Ultra Zoom

Olympus SP-590 Ultra Zoom (avstytt SP-590UZ) er eit digitalt superzoom-kamera laga av Olympus og sleppt i 2009. Det har ein CCD-sensor på 12 megapikslar (3 968 x 2 976 pikslar). Brennvidda er 4,6 millimeter på det minste og 119,6 på det meste, noko som gjev kameraet 26x optisk zoom. Blendaropet er 2,8 ved vidvinkel og 5,0 ved telefoto.[1][2][3]

Til skilnad frå føregjengarane SP-570UZ og SP-565UZ stør ikkje SP-590UZ RAW-format.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Olympus SP-590UZ» - Lyd & Bilde
  2. «Archived Products > SP-590UZ» Arkivert 2018-07-24 ved Wayback Machine. - Olympus
  3. 3,0 3,1 «Olympus SP-800UZ» - Tek.no