Omgangsskule
Utsjånad
Omgangsskule var ei utdanningsform som gjekk ut på at lærarane reiste rundt og gav borna undervisning på omgang. «Fastskulelova» frå 1860 hadde som mål å etablere permanente skular som skulle erstatte omgangsskulen. Dei fleste bygdene hadde ikkje faste skulehus - undervisninga gjekk føre seg rundt om på gardane, som fekk pålegg om å halde læraren med mat og hus og elevane med klasserom på omgang.