OpenDocument

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

OpenDocument (ODF) står for OASIS-standarden Open Document Format for Office Applications. ODF er ein open standard for lagring og utveksling av dokument, som notat, rapportar, bøker, rekneark, databasar, grafikk og presentasjonar. Standarden, som vart utvilka av industrikonsortiet OASIS, er tufta på XML, og vart opphavleg utvikla av OpenOffice.org. ODF vart vedteken som ein OASIS-standard den 1. mai 2005 og som ISO- og IEC-standardar (ISO/IEC 26300) den 8. mai 2006 [1].

OpenDocument-standarden vart utvikla gjennom eit samarbeid mellom mange forskjellige organisasjonar. Standarden er fritt tilgjengeleg og kan nyttast vederlagsfritt både for opne og «proprietære» produkt. OpenDocument-formata er meint å vera eit ope alternativ til dei mange ukompatible proprietære formata, slik at organisasjonar og individuelle brukarar unngår å verta låst til ein særskild programvareprodusent.

ODF er den fyrste standarden for eit redigerbart format laga av ein uavhengig standardiseringsorganisasjon.

Filformat[endre | endre wikiteksten]

OpenDocument-standarden omfattar fleire typar dokument, som alle har ulik filending. Dei vanlegaste formata og filendingane er:

Ei OpenDocument-fil kan anten vera ei enkel XML-fil, med <office:document> som rotelement, eller ei ZIP-fil (eit komprimert arkiv) som inneheld fleire filer og katalogar. ZIP-formatet er det mest nytta formatet, ettersom det kan innehalda binært materiale (til dømes bilete) og av di storleiken på filene vert mindre.

Omfattande programvare for kompabilitetstesting er tilgjengeleg [2]

Standardiseringsprosessen[endre | endre wikiteksten]

OpenDocument-standarden vart utarbeidd av industrikonsortiet OASIS. Som ein del av standardiseringsarbeidet vart det òg utført eit stort arbeid med utvikling av kontorsystem og relatert programvare, slik at standardane kunne testast ut i praksis. Det fyrste offisielle OASIS-møtet vart halde den 16. desember 2005. OASIS la fram den fyrste ODF-spesifikasjonen for ISO/IEC Joint Technical Committee 1 (JTC1) den 16. november 2005, i samsvar med reglane som må fylgjast for å vera ein såkalla «Publicly Available Specification (PAS)».

Etter ein høyringsperiode på seks månader, vart OpenDocument-standarden samrøystes vedteken i ei FDIS-avstemming, med stor oppslutning, i JTC1, den 3. mai 2006 [3]. Deretter vart OpenDocument-spesifikasjonen godkjend som «ISO og IEC International Standard», under tittelen «ISO/IEC 26300» [4].

Etter at alle skriftlege kommentarar til røystinga er handsama og etter ei 30 dagars «default»-røysting vil OpenDocument International Standard verta publisert som ein ISO-standard.

Arbeidet med OpenDocument-standaren omfattar fylgjande:

  • OpenDocument 1.0 (2. utg.) har status som ein OASIS-komitée-spesifikasjon [5] og inneheld modifikasjonane som vart utførde som fylgjer av kommentarane til JTC1-røystinga.
  • OpenDocument 1.1 vart godkjend av OASIS den 19/10 2006 [6]. Han inneheld nokre tillegg som gjer standarden meir kompatibel med andre format.
  • OpenDocument 1.2, som framleis er under arbeid i ODF TC, og vil innehalda endå fleire tilgangsfunksjonar, metadatautvidingar, formelspesifikasjonar for rekneark, baserte på OpenFormula-arbeidet (ODF 1.0 hadde ikkje detaljerte spesifikasjonar for reknearkformlar, så den einskilde programvareutviklar laut sjølv ta stilling til mange detaljar). Nokre småfeil i den fyrste versjonen vert òg retta. OpenDocument 1.2 var opphavleg planlagt å koma ut i oktober 2007 [7], men grunna at store delar av arbeidet i underkomiteane ligg frammom tidsplana (forlmelunderkomitéen, til dømes, reknar med å ha fullført arbeidet i desember 2006) har planane vorte reviderte [8].

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Programvare[endre | endre wikiteksten]

OpenDocument er alt teken i bruk både av Open kjeldekode/Fri programvare og av proprietær programvare. Dei to kjende kontorsystema OpenOffice og KOffice stør begge OpenDocument-standaren.

Ein standard som OpenDokument vil naturleg nok verta nytta av mange uavhengine programvareleverandørar og det vil finnast programvare med ulik modningsgrad og kvalitet. Det er difor svært viktig at det finst effektive metodar for å kontrollera at standaren vert fylgd, slik at ODF-dokument utan problem kan redigerast med vilkårlege applikasjonsprogram. Slike testar har vorte utførte av The OpenDocument Fellowship [9].

Microsoft støttar ikkje OpenDocument-satandarden, men The OpenDocument Foundation og andre tredjepart-aktørar har utvikla ulike tilleggsmodular og filter for at Microsoft sine produkt skal kunne nyttast for å redigera dokument på OpenDocumet-format [10][11].

Slølv om Microsoft ikkje støttar OpenDocument-standarden, har dei likevel, saman med fleire partnarar, finansiert eit Sourceforge-prosjet, for å utvikla ein tileggsmodul for Microsoft Office, kalla Open XML Translator, som vil verta gratis tilgjengeleg under ein open kjeldekode BSD-lisens. Dette prosjektet har som mål å gjera ferdig ein versjon for Word før utgången av 2006 og for Excel og Powerpoint tidleg i 2007 [12]. Ein prototype av MS Open XML omsettaren for MS Word er tilgjengeleg på sourceforge [13].

Grunnen til at Microsoft har klart å oppnå eit tilnærma monopol innan kontorsystem er at dei har lukkast med å låsa brukarane til sine eigne propritære filformat. Når Microsoft kjem med ein ny versjon endrar dei samstundes litt på filformata, slik at brukarane lyt kjøpa ein ny lisens for å verta i stand til å utveksla dokument med brukarar som nyttar siste versjon. Brukarane må med andre ord betale for å få tilgang til sine eigne data.

Dette monopolet er i ferd med å rakna, på grunn av at kontorsystem som OpenOffice og KOffice og fleire andre applikasjonar, som til dømes AbiWord, har filtre som konverterer til/frå Microsoft sine filformat. Særleg OpenOffice er komen langt på dette området og den siste versjonen kan problemfritt konvertera frå/til Microsoft sine filformat (OpenOffice kan òg eksportera til pdf-format). Overgangen frå propritær til Open kjeldekode/Fri programvare er difor ikkje lengre noko problem. Sjølv om mange brukarar framleis nyttar kommersielle kontorsystem, ofte av di dei ikkje kjenner til at programvare som OpenOffice er kompatibel med Microsoft sine filformat, gåt fleire og fleire over til å nytta Open kjeldekode/Fri programvare. For storbrukarar, som til dømes offentlege institusjonar, kan dette føra til store innsparingar [14].

Tilgång for folk med handikapp[endre | endre wikiteksten]

Ein viktig krav til ein standard som OpenDocument er at det skal kunna nyttast av folk med ulike handikapp. Det er viktig både at standarden stiller slike krav og at applikasjonsprogramvare som realiserer standarden syter for at krava vert oppfyllte i praksis.

Spesifikasjpnane har gått gennom ein omfattande «tilgångsrevisjon», som har resultert i nokre tillegg i OpenDocument 1.1, for å gjera livet lettare for folk med ymse handikapp. Mange komponent, som til dømes Synchronized Multimedia Integration Language for audio og multimedia og SVG for vektorgrafikk, har alt vore gjennom tilgangstestane til W3C sitt Web Accessibility Initiative.

Det kan argumenterast for at standardar som OpenDocument er med på å sikra at applikasjonsmjulvare vert så brukarvenleg som råd for folk med handikapp. Desse argumenta er grunna på at OpenDocument har eit føremon i høve til propritær programvare, på grunn av at proprietæt programvare ikkje går gjennom uavhengige brukarvenlegheitstestar. På grunn av at proprietære format ikkje alltid let seg realisera fullt ut av tredjepartutviklarar er det fare for at dette legg hindringar i vegen for utvikling av programvare som skal hjelpa folk med handikapp. Resultatet kan verta at brukarar med handikap i særleg grad betaler prisen for den utbreidde bruken av propritære filformat.

Lisensiering[endre | endre wikiteksten]

OpenDocument-spesifikasjonen er tilgjengeleg for gratis nedlasting og bruk. Sun Microsystems gav ein uattkalleleg garanti (den fyrste i sitt slag) om at spesifikasjonen ikkje inneheld noko materiale som gjorder det naudsynt å kjøpa lisens frå nokon. Samstundes vart gratis lisensar vert gjordt tilgjengelege frå standardiseringsorganisasjonar som W3C og OASS, slik at utviklarar ikkje treng å uroa seg for eventuelle brot mot intellektuell eigedom (sjå òg programvarepatent). Med andre ord kan alle og ein kvar gjera vederlagsfri bruk av OpenDocument-standarden, både for open kjeldekode og for proprietær programvare.

Fremming av OpenDocument filformata[endre | endre wikiteksten]

OASIS arbeider òg for å gjera OpenDocument-formata kjende, gjennom OASIS OpenDocument Adoption Technical Committee.

Prosjektet OpenOffice.org fremmar bruken av OpenDocument-formata ved at dei vert nytta som standardformat i open kjeldekode-produktet OpenOffice. Mange andre grupper og føretak er òg med på å gjera OpenDocument-formata kjende. Nokre døme:

  • Føretak som Sun Microsystems, IBM og Novell er aktive brukarar av OpenDocument filformata. Det er òg mange andre føretak som nyttar OpenDocument filformata. Nokre av desse er medlemmar OASIS OpenDocument Format's Technical Committee, andre ikkje.
  • SpreadOpenDocument.org var fyrst ute med å spreia bodskapen om OpenDocument filformata for almugen (august 2005).
  • I november 2005 innviterte IBM og Sun Microsystems til «OpenDocument (ODF) Summit» i Armonk, New York, for å diskutera korleis ein kunne auka bruken av OpenDocument. ODF Summit samla representantar frå fleire industrigrupper og teknologiføretak, som Oracle, Google, Adobe, Novell, Red Hat, Computer Associates, Corel, Nokia, Intel og Scalix. Føretaka stillte ressursar til rådvelde for å forbetra OpenDocument ytterlegare via arbeid i eksisterande standardiseringsorganisasjonar og ved auka bruk av formata.
  • OIDI.org (Open Interoperative Document Initiative) går inn for å oppmoa regjeringar og statlege organ, på heile jordkloden, til å syta for at offentlege dokument vert lagra med opne filformat, slik at dei vertr tilgjengelege for alle statsborgarane/innbyggarane, utan at desse vert tvinga til å nytta produkt frå eit bestemt føretak.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Eit av måla med opne format som OpenDocument er å syta for at framtidig tilgång til data ikkje vert hindra korkje av tekniske eller juridiske grunnar. Somme regjeringar har teke inn over seg dei politiske aspekta av opne lagringsformat. OpenDocument er meint som eit alternativ til propritære format, som til dømes dei lukka filformata .doc, .xls og ppt som vert nytta av Microsoft sin kontorpakke Microsoft Office. For å freista å halda på monopolet sitt så lenge råd er har Microsoft laga enda eit nytt filformat, som dei kallar Microsoft Office Open XML-format, men det er tegn som tyder på at dette formatet ikkje vil slå gjennom og Microsoft ser ut til å ha forstått dette. Den 9/7 2006 kunngjorde Microsoft at dei ville finansiera ein tilleggsmodul (plugin) for å gjera Office i stand til å lagra på ODF-format. OpenDocument Foundation har utvikla ein modul som gjer det mogleg å utveksla data mellom ODF og gamle propritær filformat, slik at overgangen til ODF vert enklare. Modulen har alt vorte testa av fleire regjeringar. I mai 2008 annonserte Microsoft at produkta deira vil få støtte for OpenDocument-standardane [15].

Fleire europeiske land og nokre av delstatane i USA har i særleg grad vist interesse for å gå over til opne filformat. Den 31/3 3006 kunngjorde National Archives of Australia at dei går over til OpenDocument-format. Mange andre regjeringar rundt heile kloden vurderer å gå over til formatet. I en rapport frå oktober 2006, bestilt av den franske statsministeren Dominique de Villepin, vart det anbefalt at alle publikasjonane til den franske regjeringa burde gjerast tilgjengelege på OpenDocument-format [16].

Den belgiske regjeringa planlegg å gå heilt over til ODF frå september 2008. Det er eit mål at alle offentlege organ skal vera i stand til å lesa ODF-dokument eit år i førevegen [17]. Norske statlege arkiv vil òg gå over til OpenDocument [15].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. ISO, ISO and IEC approve OpenDocument OASIS standard for data interoperability of office applications, ISO Press Release, www.iso.org. (vitja: 2006-11-05)
  2. OpenDocument Sample Documents, Creative Commons Attribution 2.5 License. (vitja: 2006-11-05). (vitja 5/11 2006).
  3. Durusau, P. (red.), Summary of Voting on DIS ISO/IEC 26300 - Open Document Format for Office Applications (OpenDocument) v1.0, ISO/IEC JTC 1/SC 34 Document Repository. (vitja5/11 2006)
  4. ISO, ISO and IEC approve OpenDocument OASIS standard for data interoperability of office applications, ISO Press Release, www.iso.org. (vitja: 2006-11-05)
  5. Durusau, P. og Brauer, M. (red.), Open Document Format for Office Applications (OpenDocument) 1.0 (2. utg.), OASIS Committee Specification1, 19/7 2006. (vitja 5/11 2006)
  6. OASIS, OpenDocument 1.1 Specifications, oasis-open.org. (vitja 5/11 2006)
  7. Brauer, M., TC Roadmap Proposal, OASIS list archives, 1/8 2006. (vitja 5/11 2006)
  8. Oppermann, L., OpenDocument TC Coordination Call Minutes 2006-08-07, OASIS list archives. (vitja 5/11 2006)
  9. Application support for the OpenDocument format: How do I get my application added to this list?, OpenDocument Fellowship. (vitja 9/11 2006)
  10. OpenDocument Foundation to MA: We Have a Plugin, Groklaw, 4/5 2006 (vitja 9/11 2006)
  11. Microsoft Office to get a dose of OpenDocument, CNet, 5/5 2006. (vitja 9/11 2006)
  12. Microsoft, Microsoft Expands Document Interoperability, Microsoft, 9/6 2006. (vitja 9/11 2006)
  13. Sourceforge, ODF Add-in for Microsoft Word, Sourceforge. (vitja 9/11 2006)
  14. Love, J., When Standards Are Political -- ODF (the Open Document Format), The Huffington Post, 21/10 2006. (vitja 9/11 2006)
  15. 15,0 15,1 O'Brien, K.J., Open-Source File Format Is to Be a Part of Microsoft Office, New York Times, 22/5-2008.
  16. Sayer, P., French gov't recommends standardizing on ODF, InfoWorld, 3/10 2006.
  17. Broersma, M., Belgium adopts OpenDocument, Techworld, 29/6 2006.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]