Opphaldslengd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå 2010 til 2011 gjekk den gjennomsnittlege opphaldslengda for pasientar med spondylolistese ned med omkring 6% i USA. Den gjennomsnittlege opphaldslengda var 3,6 og 2010 og 3,4 i 2011.

Opphaldslengd (LOS) er eit omgrep som blir brukt for å skildre varigskapen av ei hospitalisering. Opphaldslengda blir utrekna ved å trekke innleggingsdagen frå utskrivingsdagen. Personar som reiser same dagen har ei opphaldslengd på éin dag.

Analyse[endre | endre wikiteksten]

Ein vanleg statistikk for opphaldslengd er gjennomsnittleg opphaldslengd (ALOS). Dette gjennomsnittet blir rekna fram ved å dele heilskapen av opphaldsdagar med talet på pasientar i den same diagnose-relaterte gruppa. Ein variant av denne er å rekne opphaldslengda som den tida pasienten har undergått undersøking eller behandling.

Opphaldslengda har ofte mykje skeivskap, noko som er viktig å ta omsyn til når ein skal finne passande statistiske tilnæringar.[1] Gjennomsnittleg opphaldslengd er nyttig med omsyn på kostnadar, men den kan slå dårleg ut på statistikkar for opphaldslengd; medianen kan vere føretrekt.

Den kan vere nyttig å finne ei føreseieleg opphaldslengd for pasienten, eller å lage ein modell som kan finne påverkande faktorar. Det finst ulike modellar som er laga for å spå opphaldslengd i ulike omstender. Til dette har ein pleidd å bruke regresjonsmodellar, men Markovkjeder har òg vore brukt.[2][3] Innanfor regresjon har ein prøvd lineære, lognormale og logistiske tilnæringar, men mange av desse har fått kritikk frå andre forskarar.[1][3] Carter og Potts kom i 2014 med eit framlegg om bruken av negativ binomisk regresjon.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Carter, E.M., Potts, H.W.W. (4. april 2014). «Predicting length of stay from an electronic patient record system: a primary total knee replacement example». BMC Medical Informatics & Decision Making 14: 26. Henta 23. april 2014. 
  2. Xie, H., Chaussalet, T.J., Millard, P.H. (Januar 2005). «A continuous time Markov model for the length of stay of elderly people in institutional long-term care». Journal of the Royal Statistical Society: Series A 168 (1): 51–61. 
  3. 3,0 3,1 Faddy, M.J., Graves, N., Pettitt, A.N. (2009). «Modeling length of stay in hospital and other right skewed data : comparison of phase-type, gamma and log-normal distributions». Value In Health 12 (2): 309–314. Henta 23. april 2014. 
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.